Har nå laget ein instruksjonsvideo om korleis ein baker suksesskaka. Dette er min første film og eg satsar på at det blir fleire framover. Det har ikkje berre vore kjekt å laga film, eg har måtta nytta godt av tolmodigheita mi då eg har hatt mange komplikasjonar undervegs. Denne oppgåva har vore veldig tidkrevjande, frustrerande og vegen har vore lang for å redigera ein liten videosnutt. Har vore innom mange redigeringsprogrammer og programmer for å konvertere mod-filer, før eg endeleg fekk resultat. Nå er eg endeleg komet i mål med filmen min og vett kva program eg må bruka for å gjera om mod-filene mine til avi-filer som Windows movie maker godtar. Når ein er komet så langt får eg lyst til å gjera noko med filmsnuttane eg har liggande på datamaskinen min. Sjølv om eg har måtta sitta dag ut og dag inn med denne oppgåva etter arbeidstid i strålande ver, så er eg faktisk litt glad for at eg har lært meg framgangsmåten til å laga film. Ikkje berre i jobbsamanheng, men privat også. Er gravid i 7 månad så gjett om eg glede meg til å filma vesla og lage film! Så noko godt har det komet ut av denne oppgåva.
søndag 19. april 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar