Det er for tida stor fokus på IKT verktøy i skulane og lærarane sin kompetanse i digitale verktøy. Kunnskapsløftet krever at IKT skal intergreres i alle fag. Har skulane dei nødvendige verktøya og lærarar med kompetanse nok til å intergrere IKT i alle fag?
Det er store forskjellar mellom skulane rundt om i landet, nokon er kome langt i utviklinga av IKT, medan andre skular så vidt har internett på skulen for å setta det på spissen. Kor langt skulane er kome i utviklinga trur eg er avhengig av økonomien til kommunen og om rektorane på den enkelte skule sjølv er ivrige ildsjeler i den digitale utviklinga.
Kommunen min har satt inn store middlar til innkjøp av digitale verktøy til skulane i kommunen. Skulane begynne å få inn digitale verktøy, men kva med lærarane sin kompetanse? Det blir arrangert kurs, men får ein den kompetansen ein trenger gjennom eit kurs? Her kan vere at det er rektorane så må komme med sin kreativtet til korleis hans arbeidsgiverar skal bli ivrige ildsjeler i utviklinga av digitale verktøy. Eg jobber på ein skule med ein rektor som har virkeleg stått på for å få IKT verktøy på plass og laga ein god rutine der lærarane må jobbe med dei digitale verktøya skulen har fått. Som resultat av dette har me arrangert ei digitale veke for elevane som me har kalla "digit veka". Denne veka er det IKT som står vekeplanen og elevane har jobba med mange forskjellige digitale verktøy. Alt frå å sy på ein "moderne" symaskin, innføring av nettvett reglar til å lage animasjonsfilm. Har altså denne veka vore innom mange av dei forskjellige mediaverktøya me har og målet har vore å intergrere IKT i alle fag og lære elevane digitale verktøy. Elevene har denne veka sjølv fått hatt med seg sine digitale ting som mobil telefon og gameboy for dei minste. Som avsluttning på veka inviterte me foreldrene slik at elevane fekk vise fram sine produkt og hadde stand med utstillingar av produkta. I tillegg blei media invitert denne kvelden, rektorar rundt på andre skular, rådmannen og ordføraren som hadde digital åpningstale. Dette blei ein meget vellykka kveld og veke der målet med digit@l veka var blant anna at lærarane på skulen skal bli flinkare til å integrere IKT i alle fag. Etter å hatt satsa stort på denna digitale veka og fått på plass nytt IKT utstyr som lærarane har satt seg inn i, er me blitt ein av skulane i kommunen som har kome lengst i å intergrere IKT i skulen. Det har vore hardt arbeid for å kome så langt, men alle var enige om at det var verdt strevet når resultata blei så gode. Konklusjonen min er at kor langt skulane har kome i utviklinga av medie og mediedanning er avhengig av kommunen sin investering av digitale verktøy på skulane og kreativiteten blant rektorane og ansette. Hopp ut i den digitale verden for det kan berre gå oppover.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar