søndag 25. januar 2009

obligatorisk oppgåve




"Mot mediedysleksiens tidsalder?"


(Vettenranta, Solikki, Mediedanning og mediepedagogikk, Gyldendal Norsk Forlag AS 2007)

I dette blogginnlegget vil eg kommentere og reflektere deler av kapittelet "mot mediedysleksiens tidsalder" og til slutt komme inn på mine forventningar til emnet i DKL104. Innleiinga til Soilikki Vettenranta sin artikkel i boka "Mediedanning og mediepedagogikk" startar med:
.............................................................................................................

De unge, som må skape sin identitet i krysspresset mellom den stadig endrende mediekulturen og den galopperende nye medieteknologien, trenger mer enn verktøy. De trenger tid til refleksjon, stabilitet og mulighet til å lære empati og ansvar. (Vettenranta, 2007 s.13)

..............................................................................................................

I dagens samfunn er det eit hav av utfordringar i den digitale kompetanseutviklinga og i mediekulturen. Desse utfordringane blir som oftast gjennomført individuelt og i fritida til den enkelte. Vettenranta (2007) skriver at dei unge skapar sin identitet i den stadig endra mediakulturen og den galopperande nye mediateknologien. Eg er einig i det at dei trenger meir enn å berre lære seg verktøy for å utvikle eigenskapar til å bestemme sin egen identitet. Dei må lære seg å reflektere over kva som er hensiktene med å lære seg ulike verktøy og korleis desse kan brukast på ein fornuftig måte. Sjølv om verktøy er til stades skal ein også vite kva som er hensiktene med verktøyet i tillegg til å stille seg kritisk til verktøyet. Det kan vere vanskeleg for dei unge og stille seg kritisk til verktøy i mediateknologien. Derfor er det viktig at dei vaksne er på bane og følgjer med på kva dei unge drive fritida si med. Unge i dag bruker mykje tid framføre pc skjermen og ein høyrer stadig vekk om misbruk av medieteknologien. Ein av årsaka til misbruk kan vere på grunn av dårleg dømmekraft av verktøya. Derfor er det viktig at dei vaksne følgjer opp dei unge slik at dei lærer seg dømmekraft i navigering i det digitale landskapet og det virtuelle rom og ikkje utsett seg sjølv for risiko. Det er som nemnt eit hav av utfordringar i den digitale kompetanseutviklinga og i mediakulturen dei unge kan lære seg og mykje av denne læringa skjer på fritida .Vidare er det viktig å gjera dei unge klar over at IKT og mediateknologien på den eine sida opnar for uendelege læringsmoglegheiter, men på den andre sida kan også vere ein risiko for dei unge. Vettenranta (2007) skriver at dei unge trenger tid til refleksjon, stabilitet og moglegheit til å lære empati og ansvar. Det er viktig at dei unge stoppe litt opp i den digitale kompetanseutviklinga si og reflekterer over kva nytte dei har av verktøyet, kvifor lære seg dette og kva kan det brukast til. På denne måten kan ein utvikle evner til å vise ansvar overfor mediateknologien.


Eg ser fram til å lære meg relevante metodar og IKT - verktøy for å få til målretta mediaproduksjon eg kan bruke saman med elevane mine. Glede meg til å lære meg å produsere medierikt innhald eg kan nytte, slik at eg får den nødvendige kompetanse i forhold til å veileda fram gode produkt i undervisning. Når ein er opp i situasjonar der det blir produsert medierikt innhald av elevar på skulen, kan læraren oppleve å bli utsett for at sine eigne prinsipp og medieoppfatningar blir sett på prøve. Du bør då som lærar ha den nødvendig kompetansen til å veileda fram gode produkt. Vidare er det viktig at du er bevisst på at dei vala du gjer som lærar, kan forme dine elevar. Du må derfor vere kritisk og reflektere nøye over måten mediateknologien kan påverke elevane dine kommunikative og sosiale kompetanse og deira identitet. Gi elevane dine tid til refleksjon, stabilitet og muligheit til å lære seg empati og ansvar i den nye galopperande mediateknologien dei vil møte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar