søndag 29. mars 2009

Lydproduksjon

Lydproduksjon kan brukast på mange måtar i skulen. Alt frå å lage ein podcast til for eksempel lesetrening. Ved hjelp av lydprogrammet Audiacity kan me "leike" oss med lyd. Du kan gjera eit lydopptak på forhand som du etterpå importerer i programmet Audiacity eller du kan ta eit direkte lydopptak i programmet. Eg jobbar på småskulen og har jobba litt med lyd ved at elevane har laga teikningar i paint som dei har satt inn i ein power point presentasjon. Elevane gjer deretter lydopptak kor dei bruker headsett med mikrofon og snakkar til bilda dei har teikna. På denne måten har elevane laga ein "teikneserie" med eigenprodusert lyd til. Dette er ei kjempe populær oppgåve til elevar på småtrinnet. Denne oppgåva kan vidareførast til elevar på mellomtrinnet der dei kan i tillegg importere lydopptaka til Audacity for redigering.

Elles har eg brukt programmet Audiacity til lesetrening. Elevane får då ein tekst dei skal lese direkte inn programmet ved hjelp av headsett med mikrofon. Dei lese inn teksten avsnitt for avsnitt. Dei stoppar opp når lesinga skjære seg , enten dei har lest feil, for fort, uklart osv. Då vente dei nokre sekundar før dei lese avsnittet på nytt. Det er mykje betre å jobbe med ei stor fil enn fleire små. Har erfart at å jobbe med lydopptak på denne måten gir god lesetrening der elevane må øve på stemmebruk, ikkje lese for fort, ta pause etter teiknsetjing osv. I tillegg kan dei leika seg med lydopptaka ved å legge til effektar. Kan for eksempel legge til musikk i bakgrunnen, lage Donald stemme på opptaka osv. Dette er ei oppgåve elevane har likt godt samtidig så det gir lesetrening, så lærer dei seg programmet Audicaty og korleis dei kan nytte lydopptak i ulike samanhengar.

Nettavis

Eg synest det var kjempe lærerikt å jobbe med nettavis og dette er noko eg ønske å lære mine kollegaer og elevar. Dette meiner eg er høgt aktuelt emne å lære elevar der dei vil få innlæring i utsjånad til ei nettavis i tillegg til å lære seg litt journalistikk. Nettavis passer nok best for litt eldre elevar. I 6.klasse skal elevane blant anna jobba med avis og då meine eg at nettavis absolutt bør prioriterast. At elevane får laga si eiga nettavis trur eg vil vere populært blant elevane. Dei vil få opplevinga av å hatt laga ei profesjonell nettavis, i tillegg til at dei lærer seg andre ting som høyrer med til ei nettavis. Det kan vere alt i frå opphavsrett, redigering av bilde, bruk av design og ikkje minst ulike sjangrar ein har innanfor tema avis. Nettavis er noko eg meine lærarane absolutt bør prioritera å lære elevane sine.

Elles synest eg wordpress var eit enkelt program å bruke når ein skulle laga si eigaproduserte nettavis. Gruppeavisa synest eg blei for innvikla og vil tru at dette vil bli for tidkrevjande for den enkelte lærar. Som lærar har du ein travel kvardag og eg meine at den type gruppeavis mi gruppe laga vil vere for omfattande for den enkelte lærar. Ein lærar ønske nok å lære elevane sine noko som ein sjølv føler seg trygg på og som kan lærast bort utan å bruke altfor mykje tid på førebuing.